Tuesday, August 5, 2014

Two seriously injured after head-on collision on E6 – NRK

Two seriously injured after head-on collision on E6 – NRK

Klokka 08.20 fekk politiet melding om ein frontkollisjon på Mule i Levanger like ved gjenbrukstorget. Fire personar var involverte i ulukka, to i kvar bil. To av dei involverte er frå Fauske.

– Den eine mannen frå Fauske var i 20-åra og køyrde personbilen. Han har no blitt fråteke førarkortet, seier operasjonsleiar Rune Reinsborg i Nord-Trøndelag politidistrikt til NRK.no.

Alle fire er sendt til sjukehuset i Levanger, to av dei med alvorlege skadar og dei andre to med lettare skadar.

Dei to personane som blei alvorleg skada er ei kvinne i 50-åra og ein mann i 30-åra. Begge to er innlagt for behandling, opplyser Helse Nord-Trøndelag.

Måtte få hjelp av brannvesenet

Under redningsoppdraget var politiet avhengig av hjelp frå brannvesenet.

– Det blei både klipt og trekt i bilane for å få personane ut. Den fyrste personen fekk vi ut klokka 09.05 og den siste var ute klokka 09.35, seier Reinsborg.

To av personane er alvorleg skadde, seier Kasper Tronstad, politibetjent på staden.

Ifølgje politiet har den eine personen som sett i den blå varebilen alvorlege brotskadar. Dei kan ikkje seie noko særskilt om skadane til dei andre to involverte, men viser til det faktum at det er 70 km/t på staden.

Store materielle skadar

Det er store materielle skadar på begge bilane som var involverte i ulukka, og det blir no gjort bilberging på staden. Brannvesenet starta ryddinga klokka 09.04.

– Den eine bilen med campingvogn hadde størst skadar, seier Nikolay Vatne ved 110-sentralen i Nord-Trøndelag.

Vegen er no opna på staden.

SJÅ INTERVJU MED POLITIET PÅ ULUKKESSTADEN:

LikeTweet

No comments:

Post a Comment