Monday, April 4, 2016

Inner Sunnfjord beginning to take shape – with HAFS-Communards source of extra? – Firda

KommentarStemningsskiftet for samling av Førde, Gaular, Naustdal og Jølster er tydeleg, og HAFS er i villreie. Spenningskvelden måndag viste at 78 prosent av innbyggarane i Førde ønskjer samanslåing av dei fire kommunane, eller det større alternativet som også omfatta Flora. I Naustdal gjekk til saman 64 prosent for dei to samanslåingsalternativa, som begge betyr samanslåing i Indre Sunnfjord. Folkerøystinga i Gaular kom ut med eit knapt fleirtal på 52 prosent for samanslåing med Førde, Naustdal og Jølster, og i Jølster vart fleirtalet endå knappare: 51 mot 49 prosent.

Det sikraste ein kan seie, etter at innbyggarundersøkingane og folkerøystingane var klare og måndagens storkommunethriller var over, er at ei rekkje kommunestyre og ordførarar kjem til å få ein vanskeleg vår.

Men politikarane kan ikkje la dagens kommunegrenser vere som dei er, utan å gå på tvers av signala frå innbyggarane dei har bede om råd.

Helge Johnsen

Men politikarane kan ikkje la dagens kommunegrenser vere som dei er, utan å gå på tvers av signala frå innbyggarane dei har bede om råd. Dagens haldningar er heilt annleis enn den gong indresunnfjordingane heldt folkerøysting om samanslåing i 2003. Då var det 69,5 prosent nei i Jølster, 68,5 prosent nei i Gaular, 58,1 prosent nei i Naustdal, og i Førde vart det eit spinkelt ja med fattige 50,2 prosent.

Nokre avklaringar er udiskutable, som at Flora ikkje kjem til å gå i storkommune med Indre Sunnfjord, og at det såkalla Stor SiS-alternativet er daudt, i alle fall i denne omgang. Noko verkar innlysande, som at politikarane i Gaular, Jølster og Naustdal har fått eit fleirtalssignal frå folket om samanslåing.

Men det høyrer ingen stad heime, når ordførar Håkon Myrvang (Ap) i Naustdal snakkar om sprikande signal som er vanskelege å tolke, etter at 35 prosent i folkerøystinga i kommunen hans har gått for Liten SiS, og 29 prosent røysta for Stor SiS.

Helge Johnsen om Naustdal-ordføraren

Folkerøystingane er rådgivande, og siste ordet må og skal ligge hos dei folkevalde, som kanskje må ta omsyn til føresetnader som har endra seg, og kva nabokommunar gjer, når det til slutt skal røystast over storkommune eller ikkje. Ved fleire folkerøystingar var det også temmeleg låg valdeltaking. Men det høyrer ingen stad heime, når ordførar Håkon Myrvang (Ap) i Naustdal snakkar om sprikande signal som er vanskelege å tolke, etter at 35 prosent i folkerøystinga i kommunen hans har gått for Liten SiS (samanslåinga med Førde, Jølster og Gaular), og 29 prosent røysta for Stor SiS (der også Flora var med). Denne andelen på 29 prosent gjekk ikkje mot Liten SiS, dei ville ha ei samanslåing som gjekk endå lenger enn Liten SiS.

At Jølster-ordførar Oddmund Klakegg (Sp) vrei seg og sa til NRK Sogn og Fjordane at 51 mot 49 for storkommune ikkje var eit klart og tydeleg svar, kan vere forståeleg. Det handlar om ein kløyvd kommune, og eit svært stort mindretal å ta omsyn til. Men som ordføraren sjølv sa, med tydeleg ulyst: Fleirtal er fleirtal. Vi kan sjå føre oss reaksjonane i vestre del av Jølster, om utfallet i denne folkerøystinga ikkje blir følgt.

Det blir spennande tider i Sunnfjord, og vel så spennande i HAFS-kommunane, der folkemeiningane sprikjer i særleg Hyllestad og Askvoll. HAFS-alternativet står klart sterkast i Fjaler, men svakt i Askvoll, der eit fleirtal på 40 prosent vil stå åleine, medan eit stort mindretal på 36 prosent går for samanslåing med Liten SiS. Ramlar HAFS-samanslåinga frå einannan, kan det ikkje utelukkast at Askvoll og Fjaler rettar blikket mot Indre Sunnfjord for alvor. Våren vil vise om dette skjer.

LikeTweet

No comments:

Post a Comment