Sunday, November 9, 2014

Have started storsøk by Veronica (22) – NRK

Have started storsøk by Veronica (22) – NRK

Kvinna har vore sakna i to veker, og fredag vart det klart at Kripos også blir kopla inn i forsvinningsmysteriet.

Søket endra førre helg status til søk etter ein omkomen person. I 10-tida laurdag var store styrkar i full gang med eit storsøk etter Veronica Heggheim Stegegjerdet.

– 90 personar frå Røde Kors i heile Sogn og Fjordane deltek. I tillegg har det meldt seg ein heil del frivillige, seier politiførstebetjent Svein Inge Harberg.

Søkjer på land og i fjorden



SAKNA: Veronica Heggheim Stegegjerdet (22) vart sist sett i heimen sin laurdag for to veker sidan.

Foto: Privat

Politiet står utan spor etter den sakna kvinna. Ein har søkt langs elva, Barsnesfjorden og i terrenget i Årøy, utan å få noko nærare svar på kva som har skjedd med 22-åringen.

I bustaden hennar fann politiet hunden, katten, bankkortet og mobiltelefonen hennar. Politiet har teke utgangspunkt i kvinna sitt nærområde i søket sitt.

– Leitemannskapa er delt opp i ulike lag, med kvar sine søketeigar i området rundt Årøy, seier Harberg.

Tung og krevjande terreng



BASE: Politi og Røde Kors har sin base for leiteaksjonen ved Årøy.

Foto: Christian Blom

Det blir søkt i terrenget på begge sider av Årøyelva og Barsnesfjorden. Det blir også søkt i og ved Årøyelva, samt gjennomført overflatesøk med båt på fjorden.

I terrenget går leitemannskap manngard. Regionlensmann Asle Karoliussen har tidlegar fortalt at det er kulpar i elva som ein tidlegare ikkje har fått søkt igjennom grunna høg vasstand.

– Terrenget er veldig bratt og ulendt, og i elva er det glatte svaberg. Vi har eigne grupper som tek seg av dei mest krevjande områda. Men det er uansett eit tungt terreng å søke igjennom, seier Harberg.

(Artikkelen held fram under videoen)



SJÅ VIDEO: Vasstanden i Årøyelva er redusert slik at ein får gjort grundigare søk etter den sakna i elva. (FOTO/REDIGERING: CHRISTIAN BLOM)

Held på så lenge det er lyst

– Planen er å søkje i dag, og å halde på så lenge det er dagslys. Om vi ikkje får gjennomført områda vi ynskjer, så må vi gjere ei ny vurdering av kva som skjer vidare, seier Harberg.

– Søkjer de i område de også tidlegare har søkt?

– Det er både nye område, og område som også tidlegare har vore gjennomgått tidlegare. Men no har vi fleire folk ute samstundes. Det gir oss høve til grundigare søk, og søk i større område enn tidlegare.

Politiet oppmodar dei som kan ha tips eller informasjon i saka, om å ta kontakt på telefon 57 75 88 00.

(Artikkelen held fram under biletet)



HAR SØKT: Politi og Røde Kors har i to veker søkt etter den sakna i Årøy.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

LikeTweet

No comments:

Post a Comment