– Det som er aller viktigast for oss no, er å sikre ei avgjerd som gjer det mogleg å få bygd sjukehuset, slik at det ikkje blir nok ein lang omkamp, det seier styreleiar Stein Kinserdal i Helse Møre og Romsdal.
Når styret samlast klokka 10 skal dei diskutere kvar framtidas sjukehus for 153 000 innbyggjarar i Nordmøre og Romsdal skal ligge. Valet står mellom Opdøl i Molde eller Storbakken i Kristiansund. Det nye sjukehuset skal etter planen koste mellom 5,5 og 5,8 milliardar kroner.
Betent strid
Bakteppet for styremøte er ein lang kamp om kvar sjukehuset skal ligge. Etter at det blei vedtatt at det skal byggast eitt felles sjukehus i regionen, har det vore ein intens debatt om plassering.
For vel to veker sidan gjekk administrerande direktør Astrid Eidsvik i Helse Møre og Romsdal av, før ho hadde levert si innstilling om plassering til styret. Eidsvik meinte ho blei overstyrt av Helse Midt-Norge i saka, og at ho difor ikkje hadde den tilliten ho trengde for å halde fram. Styret må difor behandle saka på bakgrunn av saksutgreiingane som ligg føre.
Det har vore spekulert i om Eidsvik ønskte å gå inn for Storbakken i Kristiansund. Det som i alle fall er klart, er at administrasjonen i Helse Midt-Norge i si innstilling har peikt på Molde som det beste alternativet.
Konstituert administrerande direktør Daniel Haga i Helse Midt-Norge seier styret har lagt vekt på det tunge fagmiljøet i Molde som ein av hovudgrunnane for å velje dette alternativet.
Haga tok over som direktør i helseføretaket i haust, etter at den tidlegare direktøren gjekk av etter press frå helseministeren.
Protestaksjonar og krav om utsetjing
Avgangen til direktøren og innstillinga frå Helse Midt-Norge har sett sinna i kok hos dei som kjempar for Kristiansund. Fleire har stilt spørsmål om helseminister Bent Høie si rolle i dette, og om han har gitt uttrykk for kvar han ønskjer at sjukehuset skal ligge, og slik blanda seg inn i prosessen.
Blant dei som har reagert, er Høie sine eigne partifellar i Kristiansund. Statsråden har fleire gongar avvist at han har instruert nokon om tomtevalet, men må likevel svare for dette for Kontrollkomiteen på Stortinget.
I tillegg har det vore stilt fleire spørsmål om saka i Stortinget sin spørjetime.
Søndag gjekk nærare 10 000 nordmøringar i protesttog mot det dei meiner er ein uryddig prosess og ureint spel. Kravet var at saka må utsetjast til alle sider av prosessen er undersøkt.
Endeleg avgjerd fredag
Når styret i Helse Møre og Romsdal i dag skal ta si avgjerd, er det altså knytt spenning til om dei vil legge vekt på andre forhold enn det administrasjonen i Helse Midt-Norge har gjort.
Styret i Helse Midt-Norge skal ta si avgjerd i morgon. Dersom begge styra leverer sine vedtak, har helseminister Bent Høie sagt at han vil ta den endelege avgjerda i eit føretaksmøte fredag.
No comments:
Post a Comment