Saturday, April 30, 2016

Helicopter crashed on Jæren – none injured – NRK



Trond Olav Salte er innsatsleiar i politiet.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Klokka 12.23 fekk politiet melding om eit helikopter hadde gått i bakken med to personar om bord. Helikopteret byrja og brenna, men dei to kom seg ut.

– Ambulansepersonell var kort tid etter på plass og kunne slå fast at dei to var uskadde, seier operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Brit Randulff.

Snurra rundt to gonger

Helikopteret var av typen AS-350, og det styrta ved flystripa til Jæren mikroflyklubb på Nærbø. Det tok av frå Sola og skulle gjennom nokre rutinemessige tryggleiksprossedyrar.

Det var ein instruktør og ein pilot om bord i flyet.

– Noko gjekk gale med det hydrauliske systemet, slik at piloten måtte gjera ei landing. Det fekk han ikkje til, og helikopteret snurra rundt to gonger før halen blei knekt og kutta av rotorbladet, opplyser innsatsleiar i politiet, Trond Olav Salte.



STYRTA PÅ FLYSTRIPE: Her kan du sjå brannmannskapet sløkka helikopterbrannen etter ulukka på flystripa på Høyland på Nærbø laurdag føremiddag.



STYRTA PÅ FLYSTRIPE: Her kan du sjå brannmannskapet sløkka helikopterbrannen etter ulukka på flystripa på Høyland på Nærbø laurdag føremiddag.

Kom seg ut før brannen starta

Dei to kom seg ut av helikopteret før brannen starta. Dei blei tekne med til legevakta av ambulansehelikopteret.

Brannvesenet fekk sløkt brannen raskt (sjå video).

LikeTweet

No comments:

Post a Comment